thumb_IMG_3560_1024_justert
12.08.2016  |  Gårdsliv

Landbruksnæringa ser framover, og vi er stolte over produksjonen og produkta våre

Då eg som 19-åring dukka opp på Vestlandet att, etter tre år på jordbruksskule på ”det blide Sørland”, kunne eg mellom anna skilte med verdas kulaste Saab 99 GL, oransje hår, og medlemsskap i Norges Bondelag.

Såkalla breie felgar, elektrisk oppvarma bakrute, halogenpærer i hovudlyktene, og stivare fjøring. På bilen altså, ikkje håret…eller medlemsskapet mitt i Bondelaget. Det var det ingenting stivt over. Og som om ikkje det var nok; bilen skulle imøtekoma svenske utslippskrav anno 1976. Bondelagsmedlemsskapet mitt var for så vidt eitt skalkeskjul for billig forsikring til det klimavenlege, svenske gliset. Og så såg det jo bra ut at den unge jenta frå Bergen, med grønt blod i årene, ei sær interesse mot EU og for norsk matproduksjon, også interesserte seg for Noregs største fagorganisasjon for bønder!

Mykje har endra seg sidan RUSS 2003 herja på Sørlandet det året då FN markerte ferskvatnet (at dei ikkje venta med det 2016? Då kunne vi invitert dei til Vestlandet for sommarutstilling)! Den nokså miljøvenlege Saab 99 GL’en viste seg å vera ein miljøversting med halogenpærer, så den fekk fri. Men Bondelagsmedlemmet Bodhild Fjelltveit utvida i 2010 medlemsskapet sitt til å gjelde både folk, fe og matjorda på Fjelltveit. Det har vorte eitt medlemsskap som også har gitt meg tillitsverv, både i Bondelaget, og i Samvirkeorganisasjonane våre. Det har gitt meg nye kjennskap over det ganske land, og eit brennande hjarte for trygg, norsk mat produsert på norske ressursar! Det viser seg nemleg at engasjement smitter, og smitte er noko vi skal vere godt førebudde på i landbruket. Smitte gjennom eit tillitsverv krev ikkje strenge smittevernprosedyrar, medisinar eller munnbind. Det krev begeistring, glød og innsatsvilje!

Landbruksnæringa ser framover! Vi er stolte over produksjonen og produkta våre, fulle av kultur, kunnskap, mangfald og glede. Akkurat det vil eg vere med og fremje – overfor politikarar og forbrukarar! Kva er vel betre enn å få vere med på å påverke landbrukspolitisk saman med bønder over heile landet? Eller å få fremje saker som trygger dei norske ressursane, det norske landbruket, bygdene og byane? Ikkje ein Saab 99 GL kan slå det ein gong!

Bodhild Fjelltveit
Sauebonde og medlem av Såkornpanelet

Om Bodhild

Bodhild er 31 år, fra Bergen, gift med Arne og har barna Anders på 7 år, Anna på 6 år og Martine på 4 år. I snart seks år har de drevet med sau, på hennes hjemgård i Bergen kommune. Hun er første vara til styret i Bondelaget og er med i Felleskjøpet sitt ungdomsråd i vest.

Debatt

Våre gjestebloggere er ikke ansatt i Felleskjøpet og er selv ansvarlig for alt innhold som publiseres i bloggen. Dette gjelder også ytringer i kommentarerfeltet.