2200x1320_ungbonde-samling
09.09.2016  |  Ekspertråd

Ung Bonde-samling med fagleg påfyll og sosialt samvær

Den 12. november arrangerar Felleskjøpet «Ung Bonde – samling» på Clarion Hotel Royal Christiania i Oslo. Dette er femte året Felleskjøpet arrangerer ei slik samling. Nytt av året er at vi har invitert med TINE og Nortura på fagforedraga.

På kvelden vert det festmiddag og kåring av Årets unge bonde 2016. Samlinga er ein del av Bedre Landbruk på Lillestrøm, med fokus på fagleg innhald og kva vi i Felleskjøpet kan tilby av rådgjeving og tenester for unge bønder. Samlinga startar klokka 09.30 med fagseminar innan ulike produksjonsformer og så vert lunsj servert klokka 11.30.

Foredragsrekkje med fokus på unge bønder

Etter lunsj vert det fleire korte foredrag med aktuelle tema. For full oversikt over foredraga, sjå programmet her. – Det heile vert avslutta av Arne Hjeltnes når han held sitt foredrag «Bonden 3.0», fortel Thor Harladseth, seniorrådgjevar Medlem. Undervegs vert det ulike underhaldningsinnslag. Programmet er ferdig kring klokka 18.00.

Festmiddag

Det vert ei pause på om lag to timar før festmiddagen tek til klokka 20.00.
– Det vert underhaldning, innslag frå kjente fjes og kåring av Årets Unge bonde 2016 i regi av Grønn utdanning, fortel Haraldseth. Finalistane til Årets Unge bonde vert presenterte kvelden før, under Felleskjøpets kveldsarrangement på Bedre Landbruk, som tek stad på Norges Varemesse på Lillestrøm.

Følg med på Facebook

Det er oppretta eit arrangement på Felleskjøpet Agri SA sin Facebook-profil der det vert publisert fullt program og informasjon fortløpande. Fullt program og lenke til påmelding finn du og her.

Såkornpanelet godt representert

Mats Hegg Jacobsen og Kjersti Ellingsgård skal halde foredrag på ung bonde-samlinga.

550x688_kjersti_ellingsgard

 

 

 

 

 

 

 

 

Felleskjøpet - Årsmøte 06042016

Foto: Morten Brakestad og Oddrun Karlstad.

Debatt

Våre gjestebloggere er ikke ansatt i Felleskjøpet og er selv ansvarlig for alt innhold som publiseres i bloggen. Dette gjelder også ytringer i kommentarerfeltet.