illustrasjon_jon georg dale2
21.04.2016  |  Samfunn

Vi treng unge bønder som vil satse

I eit val mellom tusenvis av yrke, er det mange unge som vél seg ein leveveg som bonde. Dei unge som satsar og investerer er ryggrada i norsk landbruk, og dei vil syte for at norske forbrukarar får norsk kvalitetsmat også i framtida.

I eit val mellom tusenvis av yrke, er det mange unge som vél seg ein leveveg som bonde. Dei unge som satsar og investerer er ryggrada i norsk landbruk, og dei vil syte for at norske forbrukarar får norsk kvalitetsmat også i framtida.

Landbruket har hatt sterk teknologisk utvikling dei siste åra. Noreg er til dømes verdsleiande i bruk av mjølkerobot. Nye teknologiar blir stadig utvikla og forskingsinnsatsen er stor. Det gir bonden meir fridom i kvardagen og høve til å leve eit normalt familieliv. Eg har hatt gleda av å vitje mange unge bønder dei siste månadene, og eg ser at det ofte er dei unge bøndene som er drivkrafta bak investeringane på gardsbruket. Dette viser at dei har tru på norsk matproduksjon, og ser ein leveveg i landbruket. Mange unge ønskjer å utvide, drive i større omfang og ta i bruk ny teknologi. Det bør dei få høve til utan å møte unødvendig mange reguleringar. Vi treng unge bønder som vil satse på norsk matproduksjon, og vi treng unge bønder til å modernisere landbruket.

Det er gode moglegheiter for å lukkast med matproduksjon i Noreg. Vi har mange konkurranseføremoner som eg meiner vi kan bli flinkare til å snakke opp. Norske forbrukarar er glad i norsk mat, og vél det i dei aller fleste tilfelle. Fleire forbrukarar er opptekne av historia til maten, og nyttar eiga kjøpekraft til å handle mat frå små produsentar. Norske bønder produserer rein og trygg mat. Vi nyttar lite medisin i matproduksjonen, forbruket av antibiotikum og førekomsten av resistens i husdyrhaldet i Noreg er blant dei aller lågaste i verda. Til dømes nyttar vi ein femtiandedel av det Tyskland nyttar av  i sin produksjon. Når kyllingsalet stupte som følgje av stort fokus på antibiotikaresistens, svarte norske kyllingprodusentar med å fase ut narasin i produksjonen. No er salet av kylling nesten attende på gamle høgder. At den norske bonden er ein dyktig agronom, og samstundes er oppteken av kva forbrukarane vil ete, gir oss eit konkurransedyktig landbruk.

Dersom vi skal lukkast med rekrutteringsutfordringa, må fleire sjå landbruket som ein attraktiv leveveg. Landbruket har utfordringar, og kvar dag jobbar eg i lag med næringa for å møte dei. Men det tener ikkje landbruket å berre snakke om utfordringane. Kor mange vil velje eit yrke som blir snakka ned av næringa sjølv? Norsk landbruk har store føremuner og store moglegheiter. Vil dykk ha fleire kollegaer, då har eg eit råd – snakk opp alt det som er bra med norsk landbruk!

Jon Georg Dale
Landbruks- og matminister

Om Jon Georg Dale

Jon Georg Dale er 31 år gammel og fra Dalsfjorden i Volda. Han er oppvokst på sauebruk og odelsgutt. I desember 2015 ble han utnevnt som landbruks- og matminister.

Debatt

Våre gjestebloggere er ikke ansatt i Felleskjøpet og er selv ansvarlig for alt innhold som publiseres i bloggen. Dette gjelder også ytringer i kommentarerfeltet.